William Anthony Foulkes, kjend som Bill Foulkes, (5. januar 193225. november 2013) var ein engelsk fotballspelar, som nokre sesongar på 1980-talet var trenar på fleire norske fotballag. Han var midtstoppar på Manchester United i 17 sesongar, og var med å vinne Europacupen 1968, fire ligameisterskap og ein FA-cupfinale.

Bill Foulkes


Bill Foulkes, nummer to frå høgre i bakre rekke, med eit Manchester United-lag frå 1963

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 5. januar 1932
St Helens i Merseyside
Død 25. november 2013 (81 år)
Manchester
Idrett fotball

Foulkes debuterte på Manchester United desember 1952. Etter han tok rom i fyrstellevaren til United, fekk han sin debut på England sitt landslag mot Nord-Irland 2. november 1954, fleire landskampar fekk han ikkje. Både i 1956 og 1957 var han med å sikre siger for Manchester United i den engelske ligaen.

Foulkes kom frå München-ulukka i februar 1958 med lettare skadar og var på bana att allereie då United spelte sin fyrste kamp etter ulukka. Manchester United-trenar Matt Busby bygde etterkvart opp eit nytt storlag, eit lag Foulkes vann FA-cupen 1963 med. Våren 1965 vart han ligameister for tredje gong og to år etter for fjerde gong. Den 29. mai 1968 var han på plass i midtforsvaret då Manchester United vann 4-1 over Benfica i Europacup-finalen. Saman med Bobby Charlton var han då den einaste att av 1958-mannskapet. Foulkes spelte sin 566. og siste ligakamp i august 1969. Han skåra einast 7 ligamål, 4 av dei kom i triumfsesongen 1966/67.

I tida mellom 1981 og 1988 var Foulkes sysselsett som trenar for norske fotballag, etter tur IL Bryn, Steinkjer Fotballklubb, Lillestrøm Sportsklubb og Viking Fotballklubb, utan nemnande suksess.

Kjelder

endre