21. mars
dato
21. mars er den 80. dagen i den gregorianske kalenderen (81. under skotår). Det er 285 dagar att av året.
Merkedag
endre- Verdas poesidag[1]
- Verdsdagen for Downs syndrom,[1] rockesokk-dagen[2]
- SN-dagen for avskaffing av rasediskriminering[1]
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
endreNasjonaldag i Namibia |
Religiøs helgedag
endreBevegelege heilagdagar som fell på 21. mars i 2024:
- Heilage Benedict har festdag i den katolske kyrkja
Primstaven
endre- Vårjamdøgn fell vanlegvis på denne dagen.
Namnedag
endreNoreg | Bendik, Bengt og Bent |
Sverige | Bengt |
Danmark | Benedictus |
Hendingar
endreUtlandet
endre- 1556: Erkebiskopen av Canterbury, Thomas Cranmer, vart brend på bålet
- 1788: Bybrann i New Orleans
- 1940: Paul Reynaud blei statsminister i Frankrike.
- 1945: Den andre verdskrigen: Britiske styrkar frigjorde Mandalay i Burma.
- 1960: 69 menneske vart drepne då det sørafrikanske politiet skaut mot svarte demonstrantar i Sharpeville, omtala som Sharpeville-massakren.
- 1965: Martin Luther King byrja borgarrettsmarsjen i Alabama.
- 1975: Etiopia blei republikk.
- 1980 : Den amerikanske presidenten, Jimmy Carter, varsla at landet ville boikotte sommar-OL i Moskva på grunn av den sovjetiske invasjonen av Afghanistan.
- 1990: Namibia vann sjølvstende etter 75 år med sør-afrikansk styre.
- 1999: Bertrand Piccard og Brian Jones blei fyrst til å flyge rundt jorda i varmluftsballong.
Noreg
endre- 1929: Kronprinsesse Märtha og kronprins Olav gifta seg.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde den 21. mars.
- 1685: Johann Sebastian Bach, tysk musikar og komponist
- 1745: Johan Nordahl Brun, norsk diktar
- 1768: Jean Baptiste Joseph Fourier, fransk matematikar og fysikar
- 1806: Benito Juárez, mexicansk president og nasjonalhelt
- 1837: Theodore Gill, amerikansk fiskeforskar
- 1901: Carl Barks, amerikansk teikneserieskapar
- 1935: Brian Clough, engelsk fotballtrenar
- 1944: Timothy Dalton, britisk skodespelar
- 1945: Henrik Nordbrandt, dansk forfattar
- 1949: Åge Aleksandersen, norsk musikar
- 1950: Sergej Lavrov, russisk politikar
- 1953: Per Inge Torkelsen, norsk forfattar og komikar
- 1956: Ingrid Kristiansen, norsk langdistanseløpar
- 1958: Gary Oldman, britisk filmskodespelar
- 1960: Ayrton Senna, brasiliansk formel 1-sjåfør
- 1960: Ole Gunnar Fidjestøl, norsk skihoppar
- 1961: Lothar Matthäus, tysk fotballspelar
- 1963: Ronald Koeman, nederlandsk fotballspelar
- 1978: Kevin Federline, amerikansk rappar
- 1980: Marit Bjørgen, norsk langrennsløpar
- 1980: Ronaldinho, brasiliansk fotballspelar
Døde
endre- Sjå òg Døde den 21. mars.
- 1063: Salige Rikissa av Lothringia, tysk adelskvinne og polsk dronning
- 1181: Taira no Kiyomori, japansk militær leiar
- 1826: Ingelbrecht Knudssøn, norsk embetsmann og politikar
- 1843: Robert Southey, britisk diktar
- 1864: Luke Howard, britisk meteorolog
- 1906: Carl von Siemens, tysk industriherre
- 1990: Lev Jasjin, russisk fotballspelar
- 1994: Lili Damita, fransk skodespelar
- 1996: Sverre Sørsdal, norsk boksar og lækjar
- 1998: Galina Ulanova, russisk ballerina
- 2004: Ludvig Karlsen, norsk kristen leiar
- 2012: Kåre Tveter, norsk målar
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «International Days». www.un.org (på engelsk). 6. januar 2015. Henta 2. januar 2021.
- ↑ «Verdensdagen for Downs syndrom – Rock sokkene –21.3.2023», Oppsiden (på norsk bokmål), henta 21. mars 2024