1979
år
1979 (romartal MCMLXXIX) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen.
1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Hendingar
endreUtlandet
endre- 1. januar: USA og Kina oppretta diplomatisk samband.
- 5. januar: Iran fekk ei ny, sivil regjering som del av den iranske revolusjonen.
- 7. januar: Vietnamesiske styrkar gjekk inn i Phnom Penh og overtok makta i Kambodsja etter Raude Khmer.
- 11. februar: Pakistan innførte sjaria som gjeldande strafferett.
- Ayatolla Khomeini tok makta i Iran.
- 17. februar: 170 000 kinesiske soldatar invaderte Vietnam som ein lærepenge for den vietnamesiske invasjonen av Kambodsja, og for overgrep mot den kinesiske minoriteten i Vietnam. Styrkane trekte seg ut igjen 5. mars.
- 22. februar: Saint Lucia fekk sjølvstende frå Storbritannia.
- 13. mars: EF-landa oppretta Det europeiske valutasystemet (EMS) og innførte ecu (European Currency Unit) som valutaeining.
- 26. mars: Anwar el-Sadat, Menahem Begin og Jimmy Carter underteikna Camp David-avtalen i Washington D.C..
- 28. mars: Eit kjernekraftverk på Three Mile Island ved Harrisburg i Pennsylvania i USA tok til å leka radioaktiv damp. Den 1. april blei 50 000 evakuerte då ein frykta nedsmelting.
- 1. april: Iran blei islamsk republikk.
- 4. april: Den avsette statsministeren i Pakistan, Zulfikar Ali Bhutto, blei avretta.
- 11. april: Styrkar frå Tanzania hærtok hovudstaden i Uganda, Kampala, og tvinga Idi Amin i eksil.
- 18. april: Major Saad Haddad erklærte Sør-Libanon som sjølvstendig stat.
- 1. mai: Grønland fekk heimestyre.
- 4. mai: Margaret Thatcher blei statsminister i Storbritannia.
- 23. mai: Karl Carstens blei vald til president i Vest-Tyskland.
- 4. juni: Jerry Rawlings leidde eit militærkupp i Ghana og blei innsett som president.
- 7.–10. juni: EF-landa arrangerte det første direkte valet til EF-parlamentet i Strasbourg.
- 16. juli: Saddam Hussein blei president i Irak
- 19. juli: I Nicaragua rykte sandinistane inn i hovudstaden Managua og overtok makta i landet.
- 1. august: Nigeria overførte eigedommane til British Petroleum i landet til nasjonalt eige.
- 2. august: Ein syklon ramma Hongkong. 500 internerte vietnamesiske båtflyktningar døydde.
- 1. oktober: Panama overtok suvereniteten over Panamakanalen.
- 26. oktober: Mislukka kuppforsøk i Sør-Korea. President Park Chung Hee blei drepen av etterretningssjefen i landet før kuppmakarane blei slått ned.
- 4. november: Den amerikanske ambassaden i Teheran i Iran blei storma av ei folkemengd og rundt 90 amerikanske statsborgarar tekne som gislar.
- 7. november: Ei grunnlovsendring i Sverige gjorde at prinsesse Victoria blei tronarving.
- 1. desember: Den amerikanske ambassaden i Tripoli i Libya blei storma og brend av demonstrantar.
- 27. desember: Sovjetunionen invaderte Afghanistan. Presidenten Hafizullah Amin blei drepen.
Noreg
endre- 15. mars Lov om likestilling mellom kjønna trer i kraft.
- 5. juli: Altasaka. Demonstrantar mot kraftutbygginga i Alta- og Kautokeino-vassdraga oppretta leir i Stilla, lenka seg saman og stoppa anleggsmaskinane.
- 10. august: Krigsskolen tok opp sine første kvinnelege elevar.
- 16. september: Kommune- og fylkestingsval. Arbeidarpartiet gjorde sitt dårlegaste kommuneval sidan krigen, Høgre hadde størst framgang.
- 17. september: Altasaka: I Stilla blei 80 demonstrantar fjerna og gjevne store bøter av politiet. Dei fleste demonstrantane var framleis på plass.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde i 1979.
- 7. februar: Tawakkul Karman, jemenittisk fredsprisvinnar
- 12. april: Thomas Dybdahl, norsk musikar
- 23. april: Samppa Lajunen, finsk skirennar
- 1. mai: Lars Berger, norsk idrettstrutøvar
- 19. mai: Diego Forlán, uruguayansk fotballspelar
- Vegard Ylvisåker, norsk komikar
- 12. juni: Robyn, svensk musikar
- 25. juni: Haddy N'jie, norsk musikar og programleiar
- 8. juli: Noora Noor, norsk musikar
- 5. september: John Carew, norsk fotballspelar
- 8. september: P!nk, USA-amerikansk artist
- 17. oktober: Kimi Räikkönen, finsk bilsportutøvar
- 10. november: Ragnvald Soma, norsk fotballspelar
Døde
endre- Sjå òg Døde i 1979.
- 5. januar: Charles Mingus, USA-amerikansk jazzmusikar
- 2. februar: Sid Vicious, britisk rockemusikar
- 4. april: Zulfikar Ali Bhutto, pakistansk president
- 27. april: Gutorm Gjessing, norsk samfunnsforskar
- 7. mai: Erik Brofoss, norsk økonom og politikar
- 11. juni: John Wayne, USA-amerikansk skodespelar
- 22. juli: Stein Rokkan, norsk samfunnsforskar
- 15. oktober: Johan Borgen, norsk forfattar
- 26. oktober: Park Chung Hee, sørkoreansk president
- 10. november: Alf Rolfsen, norsk målar
- 24. desember: Rudi Dutschke, tysk studentleiar
- 27. desember: Hafizullah Amin, afghansk president
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>