Petro Porosjenko
Petro Oleksijovytsj Porosjenko (fødd 26. september 1965) er ein ukrainsk forretningsmann og politikar. Han var i perioden 2014-19 Ukrainas femte president. Porosjenko har òg vore utanriksminister, næringsminister og representant i Ukrainas parlament for Vårt Ukraina, eit valforbund som støtta president Viktor Jusjtsjenko. Porosjenko var i følgje Tidsskriftet Forbes den sjuande rikaste mannen i Ukraina i 2012. Han er òg den første presidenten i Ukraina som meistrar engelsk[1]
Petro Porosjenko | |
Verkeleg namn | Петро Олексійович Порошенко |
Statsborgarskap | Ukraina |
Fødd | 26. september 1965 (59 år) Bolhrad |
Yrke | forretningsdrivande, politikar, diplomat, samfunnsøkonom, gründer |
Språk | ukrainsk, russisk, engelsk, rumensk, bulgarsk |
Formue | 1 600 000 000 US-dollar |
Politisk parti | Vårt Ukraina, Social Democratic Party of Ukraine (united), Regionpartiet, Europeisk solidaritet |
Medlem av | 9. Verchovna Rada, 7. Verchovna Rada, 5. Verchovna Rada, 4. Verchovna Rada, 3. Verchovna Rada |
Religion | Den ukrainsk-ortodokse kirke, ortodoks, Den ukrainske ortodokse kirke |
Far | Oleksij Porošenko |
Mor | Jevhenijija Porošenko |
Ektefelle | Maryna Porosjenko |
Nettstad | https://www.poroshenko.com.ua/ |
Petro Porosjenko på Commons |
Byen Vinnytsia er det geografiske sentrumet for Porosjenko si politiske verksemd. Han vart innvald i Ukrainas parlament i 1998 og slutta seg til sosialdemokratane (Det ukrainske parti). Etter to år danna han i 2001 sitt eige parti - Solidarnost. Dette vart same år slege saman med ytterlegare fire parti til Regionpartiet med Mykola Azarov som leiar og Porosjenko som nestleiar. I desember 2001 gjekk Porosjenko ut av partiet og slo seg med Solidarnost saman med Vårt Ukraina. Han vart verdsett som ein nær medarbeider til Viktor Justsjenko og som ein viktig økonomisk bidragsytar til Oransjerevolusjonen.
Då Julija Tymosjenko vart statsminister vart Porosjenko i 2005 leiar av Ukrainas tryggingsråd. Han vart i 2006 attvald inn i parlamentet for Vårt Ukraina og vart leiar av finanskomiteen. Porosjenko vart i 2007 styreleiar i nasjonalbanken og frå 2009 til 2010 utanriksminister. Han vart 7. juni 2014 offisielt innsett som presidenten i landet.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Referansar
endre- Denne artikkelen bygger på «Petro Porosjenko» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juni 2017.