Menneskerettslova

Lov om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett, forkorta Menneskerettslova, er, som tittelen seier, ei lov som skal styrke menneskerettane si stilling i norsk rett. Loven inneber ei gjennomføring av Grunnlova § 110c som blei lagt til ved grunnlovsvedtak den 15. juli 1994 nr. 675. Lova seier at fem konvensjonar frå Europarådet og SN som er godkjende (ratifiserte) av Noreg, også skal gjelde som norsk lov. Menneskerettslova § 3 seier i tillegg at desse konvensjonane skal gå framom vanleg norsk lovgjeving, viss det oppstår motstrid. Ein kan dermed seie at menneskerettslova og dei inkorporerte konvensjonene har fått det som ofte blir kalla ein semikonstitusjonell karakter. Etter dei siste endringane i menneskerettslova gjeld dette følgjande konvensjonar og tilleggsprotokollar:

Lova blei vedteken og tredde i kraft 21. mai 1999. Den bestod i utgangspunktet av tre konvensjoner. Den 1. august 2003 blei SNs barnekonvensjon med to tilleggprotokollar lagt til i lova, med verknad frå 1. oktober 2003.[1][2] Den 10. juni 2005 blei trettande og fjortande tilleggsprotokollar til EMK lag til,[3] med ikrafttreding frå høvesvis 1. desember 2005 og 18. juni 2010. Den 19. juni 2009 blei lova utvida til å omfatte FNs kvinnekonvensjon.

Sidan lova blei innført har det vore mange saker for Høgsterett, der spørsmål om verknaden av reglar i konvensjonane har vore oppe. EMK sitt forbod mot dobbeltstraff stått sentralt i fleire av desse sakene.

Fotnotar

endre
  1. Lov nr 86 av 1. august 2003: Lov om endringer i menneskerettsloven mv. (innarbeiding av barnekonvensjonen i norsk lov).
  2. Norsk Lovtidend: Ikrafttreding av lov av 1. august 2003 nr. 86 om endringar i menneskerettsloven mv. (innarbeiding av barnekonvensjonen i norsk lov), 1. august 2003.
  3. Lov nr 49, 10. juni 2005: Lov om endringar i menneskerettslova (inkorporasjon av protokoll nr. 13 og 14 til den europeiske menneskerettskonvensjon)

Bakgrunnsstoff

endre