Justin Gatlin
Justin Gatlin (fødd 10. februar 1982) er ein sprintar frå USA. Han tevlar i både 100 meter og 200 meter sprint.
Justin Gatlin | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 10. februar 1982 (42 år) Brooklyn, New York by |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2012 – 100 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 2004 – 100 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 100 meter menn, Friidrett under Sommer-OL 2004 – 200 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 2004 – 4 × 100 meter stafett menn |
Gatlin har tidlegare delteke i sommar-OL 2004 i Aten, der han vann gull på 100 meter og bronse på 200 meter i tillegg til sølv på 4 x 100 meter stafett. Under VM i friidrett 2005 i Helsingfors tok Gatlin gull på både 100 meter og 200 meter. I 2006 var han ein hundredel frå å setja ny verdsrekord på 100 meter, før han same året vart teken i doping. Opphavleg vart Gatlin utestengd frå idretten i åtte år, men straffa vart seinare korta ned til fire år.[1] Gatlin gjekk difor glipp av m.a. sommar-OL 2008 i Beijing.
Gatlins personlege rekord på hundremeter er på 9,79. Denne rekorden sette han i finalen under sommar-OL 2012 i London der han greidde tredjeplass og bronse bak Yohan Blake og Usain Bolt. Rekorden hans på 200 meter er på 19, 86.
Kjelder
endre- «Justin Gatlin» (på engelsk). Olympedia. Henta 11. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Justin Gatlin» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2012.