1. |
Hamløypar
03:09
|
|||
Lyrics:
Ytst på berget står ho
som kan å stille
stormen med handa.
Mane havet til ro,
tøyme dei ville,
veglause landa.
Susar liksom ei ørn
ut imot skjera,
einsam i blået.
Streifar kanskje som bjørn,
brei over herda,
sjeldan å skode
Løynd som fisken i hav,
ei mellom mange
småe på jorda.
Kvar ber vegen din av
du som kan fange
lynet og tora?
|
||||
2. |
Ulveham - Full Version
05:47
|
|||
Lyrics:
Eg va meg so liti ei møy
Mi moder ho monne på barseng døy
(Mi) Stimoder skapt meg i gangari grå
Så sendte ho meg ti kongens går
Så skapte ho meg i eit liti svær
Ho bau meg fara i mannefær
Så skapte ho meg i ei liti nål
Så sende ho meg av ti skræddarens går
De totte mi stimoder vere vest
at alle dei gillaste bruka meg mest)
Så skapte ho meg i ein ulve grå
Ho sa' at eg sille på skogjen gå
ho sa at eg sil ikkje få bot
Før eg fekk drukkjin min broders blod
Nie møyar dei rei i ring
Mi stimoder rei innar i kring
så tok eg hennar kåpa blå
Og rykte (eg) hennar av gangaren grå
så reiv eg ut hennes vistri sie
Så hennes blod de sprang så vie
så reiv eg ut hennas hjarterot
(så) eg fekk drukkji min broders blod
|
||||
3. |
Førnesbrunen
05:32
|
|||
Lyrics:
Høyr, klokkene kling.
Dei ber vidt ikring,
og slaga og stega er tunge.
Men sjeler av gamle og unge,
dei veg ingenting.
Eg trør og eg trør.
Men bak kvar ei dør
har lydlause føter gått føre
og alle ho valde å røre
dei blir no mi bør.
Ein vandrar i svart
Ho treng ikkje kart.
I boka ho løyner i famna
står soga om gardane, namna
og alt det vi vart.
Eg veit kvar eg skal.
Den siste som fall,
han lærte meg stega og vegen,
og om eg vart tukta og slegen
Eg lydde eit kall.
Høyr, klokkene slår,
og fjellskogen står
og susar når dagen er omme,
for alle dei einsame stumme
som var her i går.
|
||||
4. |
Svarteboka (feat. Djerv)
04:00
|
|||
Lyrics:
Eit rop i frå hel
Mørket det batt
Forbanne di sjel
Be nåde for dei som blir att
Les ikkje i
Fanden sitt ord
Da fer han fri
Du fer til trolldom si jord
Med makt til å rå,
og skade ei verd,
Ord som kan slå,
Men ikkje før du tek i ferd
Vil du så fred,
Halde fram dyd,
Fanden sitt kvad
Gjer deg sin skjendige fryd
Mørkt vil det bli,
Vondemakt strir
helt til du mot berget rir
Kva enn du vil
Dreg du i frå
Kva enn du får att
Er det mørkt omkring
Svart som evig natt
Men du dreg i frå, fordi eg har orda.
Eg kan gje deg alt du vil, når mørket blir til.
Men stemmen den brast.
Auge som såg, Auge som såg,
uskuld som brann,
Får ikkje gå
Fredfulle livet det svann
Det vonde satt fri
Du har nytt kall
Født for å stri
Berget kan bøte ditt fall
Ein frykteleg makt
I sjelelaus drakt
I bergveggen fast all si tid
Forbanne di sjel. Evig fortapt.
Eg kan gje deg alt du vil. Eg kan gje deg evig liv.
Men du dreg i frå, fordi eg har orda.
Eg kan gje deg alt du vil, når mørket blir til.
Men stemmen den brast. Evig fortapt.
|
||||
5. |
Skarvane
04:42
|
|||
Lyrics:
Landet lyser som i draum.
Ingen augo kjenner
leida løynd i våg og straum
til så kvite strender.
Du må segle i ein storm,
skjelve der, i tårer,
sjå kor havet skifter form
og lyfter sine bårer.
Gjennom gnyet tonar skrik
Høyr, tre skarvar jagar
snøgt som vinden mot ei vik,
heim til stille dagar.
Sterke, svarte venger slår
ut mot draumestranda,
der ein mogen åker står
og gyller himmelranda.
Ser du sol og tunge aks,
du som vonlaus stirer?
Alt som djupt i hjarta vaks,
det er her det spirer.
Attom dauden ram som salt,
der er lykter tende.
Tør du ofre alle, alt?
Fåe kjem attende
|
||||
6. |
||||
Lyrics:
Høyr, klokkene kling.
Dei ber vidt ikring,
og slaga og stega er tunge.
Men sjeler av gamle og unge,
dei veg ingenting.
Eg trør og eg trør.
Men bak kvar ei dør
har lydlause føter gått føre
og alle ho valde å røre
dei blir no mi bør.
Ein vandrar i svart
Ho treng ikkje kart.
I boka ho løyner i famna
står soga om gardane, namna
og alt det vi vart.
Eg veit kvar eg skal.
Den siste som fall,
han lærte meg stega og vegen,
og om eg vart tukta og slegen
Eg lydde eit kall.
Høyr, klokkene slår,
og fjellskogen står
og susar når dagen er omme,
for alle dei einsame stumme
som var her i går.
|
Gåte Trondheim, Norway
With their captivating performances and
groundbreaking mix of traditional folk and modern rock Gåte manages to interpret
and convey traditional folk songs to a whole new generation of listeners.
In 2020 the band chose to go back to their roots and dive into the vast traditional music history Norway has to offer.
Proving yet again that great music and great art endures.
... more
Streaming and Download help
If you like Gåte, you may also like:
Bandcamp Daily your guide to the world of Bandcamp